Arbeid og utdanning

Eg jobbar i dag som informasjonskonsulent og tekst­forfattar i ei norsk mediebedrift.

Arbeidsdagane mine er ei fin blanding av kundehandsaming, brukarstøtte, research og tekstarbeid – inkludert den høgst vitskaplege kunsten å snike bokstavrim inn i programomtalar i ei populær strøyme­teneste.

Gjennom åra har eg vore innom mykje forskjellig: banktenester, varehandel, Wordpress-utvikling, film­utleige, reinhald og journalistikk. I studietida var eg dessutan med på å eige og drive eit korrekturlesings­firma.

Eg studerte i Trondheim. Der pådrog eg meg ein bachelorgrad i film­vitskap og eit styreverv i Studentmållaget.

Den aller fyrste jobben min var å selje jordbær. Sidan då har eg bytt ut jordbærkorga med tastatur, men eg arbeider framleis med kommunikasjon, service og menneske.

Simon sit ved ein arbeidspult og smiler til kameraet. I bakgrunnen ser vi ein dataskjerm, eit tastatur, ein plante og ymse dekor. Simon er kledd i ein julegenser med Star Wars-motiv.
På heimekontor, desember 2020.