Personvernsfråsegn

Dette er ein personleg nettstad for Simon Hansen. Nettstadsadressa er: https://simonhansen.no.

Informasjonskapslar

Når du besøker denne nettstaden, blir det oppretta informasjonskapslar. Desse blir brukt til anonymisert vitjarstatistikk som ikkje kan sporast tilbake til deg.

Nettstaden krev ikkje at informasjonskapslar er skrudd på. Du kan nekte nettstaden å bruke informasjonskapslar ved hjelp av innstillingar i nettlesaren din.

Les meir om informasjonskapslar på Nettvett.no.

Kontaktskjema

Kontaktskjemaet finst her: https://simonhansen.no/kontakt/

Når du sender inn meldingar via kontaktskjemaet, blir IP-adressa og nettlesarutgåva di registrert. Dette er for å hindre misbruk og useriøse og automatiserte søppelmeldingar (spam).

Informasjonen du oppgir i skjemaet samt overnemnde metadata blir sendt som e-post til meg.

Innebygd innhald frå andre

Nettstaden bruker nokre eksterne skript, grafikk eller stilark.

Noko av det eksterne innhaldet krevst for at nettstaden skal fungere skikkeleg. Dette gjeld i all hovudsak skript for navigering i menyane, men dei har også estetiske eller innhaldsmessige funksjonar.

Om du skrur av JavaScript er det ikkje sikkert at alt vil fungere som det skal.

Liste over eksternt innhald du kan forvente å finne her:

  • Font Awesome
  • jQuery
  • Google Fonts

Enkelte sider på nettstaden kan òg ha anna innebygd, eksternt innhald (t.d. videoar, bilete, artiklar osb.). Innebygd innhald oppfører seg på nøyaktig same måte som om du hadde besøkt nettstaden som det innebygde innhaldet kjem frå. Desse nettstadene kan samle inn opplysningar om deg.

I staden for å skru av skript, tilrår eg å bruke eit nettlesartillegg som t.d. Privacy Badger til å skru av informasjonskapslar oppretta av desse skripta:

Privacy Badger

Kven eg deler opplysningane dine med

Ingen tredjepartar får personinformasjon om deg frå denne nettstaden.

Førespurnader via kontaktskjemaet blir ikkje delt, men berre lesen av meg.

Ingen annan informasjon er mogleg å spore tilbake til deg.